En Av Råkkfolket: Patrick Fardal

I denne spalten skal vi kaste litt lys på diverse sjeler som er med på å påvirke, forbedre og hjelpe norsk undergrunnsmiljø å blomste på store og små måter.

Det var unngåelig. Vi visste det og dere visste det. Vi kanke komme her å slenge rundt på lommelykta uten å skinne på Patrick. Denne 30 år unge miljøarbeideren, snart ferdig utdanna barnevernspedagogen og musikkjournalisten som, med fyldig dialekt og sitt arbeid via hjemmesiden EVIG LYTTAR, har spredd solide budskap fra norsk under og overgrunn i en årrekke. Patrick har også tidvis fått slynget ut tanker og meninger i Evig Lyttar sin spalte «Leiaren», hvor man igrunn ikke har annet valg enn å være enig når Fardal legger ned loven med sine fornuftige resoneringer og fremleggelser. Det er virkelig her man får ett dypdykk i hvor mye mannen brenner for detaljene. Patrick speller faen meg i band og.

Musikk-Norge er hashtag blessed for å ha en slik ildsjel.

Evig Lyttar og Råkkfolk startet opp ca i samme tia og har, til tross for å ikke alltid ha vært 100% enig på alle anmeldelser, hatt ett godt forhold. En Evig Lyttar/Råkkfolk podcast ligger å ulmer, men har vært litt tricky å timings-messig få på plass. Men det kommer skal dere se. I mellomtiden har sjølveste høvdingen av Evig Lyttar-redaksjonen gledelig stilt opp og svart på noen spørsmål.

Tusen takk for invitasjonen, kjære Råkkfolk!

Hva var det første bandet som sendte deg i retningen av diverse rocksjangere som interesseområde?
Du, det må ha vore Windir, eit vikingmetalband frå Sogn! Eg har vokst opp blant fjell og fjordar i Sogn og Fjordane, nærmare bestemt Kaupanger. Der var det lite anna å ta seg til, så eg kjente metall-kallet koma tidlig. Hadde også fått ein god innføring i punk og classic rock av fattern før den tid. Tidleg krøkast, og alt det der! Var ein liten tur innom Aqua og Smurfehits også, meiner eg å hugse. Og Michael Jackson. Han var ein gud for meg! McMusic og Hits for Kids var jo også fast inventar. Men ja, Windir åpna dørene til det skikkelege som skulle definere meg.

Evig Lyttar… Når, hvor og hvorfor valgte du å dra igang dette?
Evig Lyttar starta eigentleg som ein statusoppdatering på Facebook, sånn typ «dagens låt», «dagens plate» osv. Heilt simple greier. I 2015 laga eg meg ein blogg der eg skreiv eitt innlegg, inne blant alle dei rosabloggarane veit du. Følte meg dødskul, haha. Det innlegget handla om Stormbeist, faktisk. Eit dødsfett (og dødt) band frå Oslo/Lillestrøm. Det blei liksom berre det innlegget. Plutselig ein dag så delte bandet det på sida si (trur eg?). Då fekk eg blod på tann og tok det plutseleg meir seriøst. Skreiv hyppig og om alt eg kunne få fatt i. Hjerteslag sin «Møhlenpris Motell» var min første platemelding, trur eg. Eg endte opp med å bli invitert på sleppfest pga den anmeldelsen, så det ga jo definitivt meirsmak. Alt dette starta opp i Bergen – det var sånn eg kom inn i musikkmiljøet der. Fekk mange gode venner ut av Evig Lyttar der, altså. Eg starta det rett og slett fordi eg meinte at avisene og andre nettstader ikkje dekka nok av det som var feitt der ute. Evig Lyttar har alltid eksistert for å mate folk med bra greier.

Gjennom gnistrende arbeid med «Evig Lyttar» har du rett og slett blitt en kulturpersonlighet. Hvem var Patrick før han ble «Evig Lyttar-Patrick»?
Haha, no rødmer eg kraftig her eg sit! Tusen takk for det, og takk for alt det råe du og Råkkfolk gjer for undergrunnen og musikken. Har aldri sett på meg sjølv som ein kulturpersonlegheit, då, men eg valte jo det litt sjølv når eg trykka trynet mitt over alt i starten der, i logoar og alt som var. Tenkte jo at det aldri kom til å enda nokon plass, men kjekt at det har fått litt drakraft! Burde nok ha mekka ein maskot istaden. Men ja, haha. Hadde ikkje klart meg utan den fantastiske redaksjonen min, må vite. Dei er heilt fantastiske, og holder skipet gåande på rett kjøl i full fart framover. Shoutout og evig kjærleik til den råfine gjengen der, altså!

Patrick før Evig Lyttar var ein musikkinteressert fyr med ikkje så uhorveleg mange venner. Ein litt klein, bleikfeit kis kledd i svart som var sånn klam og flau fanboy når favorittbandet gjekk på scena. Nervøs som faen for å snakka med artister og kule folk, haha! Det er eg litt framleis då. Stammar og køddar og styrer på, sjølv om eg burde nok blitt litt varm i trøya etter 5 år, hehe. Første intervjuet mitt over telefon var med Marvin Nygaard frå Kvelertak. Tok opptak av det, haha. Mest nervøse eg har vore nokon sinne. Men kjekt! Tåler litt meir no då, det er fint.

Hva føler du «Evig Lyttar» har gitt deg tilbake utenom de klassiske tingene som pressepass, gjestelister og nettverk? Har arbeidet med EL gitt deg eller endret noe i deg på ett personlig plan?
EL har gitt meg meir enn eg kan ane sjølv, trur eg. Det var jo gjennom den sida eg blei forelska i Stavanger, og som lot meg få møte den desidert råaste jenta eg nokon sinne kunne drøymt om! Evig Lyttar har gitt meg meir musikkglede enn eg trudde var mogleg. Meir lidenskap og skriveglede enn eg hadde fått utan. Eg har definitivt blitt ein anna person på dei fleste plan. Har litt meir trua på meg sjølv rundt det eg driv med. Så har eg jo fått eit tonn med gode venner også, og nettverk, som du nemnte. Gjestelister og pressepass er feitt det også, hehe. Det er alltid gøy når sida blir anerkjent som ein seriøs aktør i bransjen og av band. Evig Lyttar har jo også gitt meg eit innblikk i korleis musikkbransjen fungerer, på undergrunnsplan, iallefall. Det er ein fin ting. Kunne nok ha skreve endelaust her, men eg gir meg med det.

Hva tenker du om norsk musikkmiljø per øyeblikk? Hva er på og ikke på stell slik du ser det?
Eg meiner jo at norsk musikk aldri har vore meir spennande enn det er no om dagen. Kvar gong eg trekk pusten popper det jo opp eit nytt band med ny musikk eg må sjekka ut. Du har mange gode venues der ute som gir rom for undergrunnsband, ikkje sant, og som er gode på å trekke folk til konsertane. Vaterland i Oslo, Bastard Bar i Tromsø, Tyven i Trondheim…Pluss mange fleir. Det eg verkeleg elskar med sånne venues er at dei er dreve av folk med lidenskap for scena. Då blir det jo berre feitt!
Eg tenker at musikkbransjen har ein jobb å gjere når det gjeld dekning av band som ikkje går på repeat på dei mest «vanlege» radiokanalane. Når ein har så uhorveleg mange feite band der ute, men media berre fokuserer på mainstreamen på repeat dag ut og dag inn blir det ein skeivfordeling, fattar du? Det blir feil. Norsk musikkpresse har eit ansvar for å setja lyset på meir enn det som ligg over bakken. Stikk spaden ned i jorda og grav litt der også. Mykje av det er mørkt, ja. Men du finn mykje lyst under bakken også. Og veit du kva det som kjem frå undergrunnen har til felles? LIDENSKAP. Finn fram lommelykt og spade, tenkjer eg er grei oppfordring.

Du, som oss i Råkkfolk, leser nok myyyyye mail. Er det noen ting band må tenke på og kanskje glemmer for å kunne bli dekket i foreksempel Evig Lyttar og lignende?
Jess, haha! Eller, eg gjorde det før. Det blei rett og slett for mykje. I starten var det jo berre meg åleine. Til slutt så blei mail-mengda så heftig at eg følte meg rævkøyrt. Eg måtte faktisk finna ein mailansvarleg. Per dags dato så har fantastiske Marius ansvar for innboksen. Han er ein jævel på mail. Ein jævel. Marius, eg elskar deg.

Men ja, eit stikkord er vel audmjukskap, eller ydmykhet. Me har hatt episoder der band og labels berre går ut ifrå at me har tid til å dekke dei, og blir sure når me ikkje får moglegheit. Mange går ut ifrå at me jobbar med dette 24/7. Det gjer me jo sjølvsagt ikkje, for det fins ikkje pengar i dette, iallefall ikkje per i dag. Så, litt meir forståing og audmjukskap! Ein kombinasjon av god folkeskikk, humor og lov til å vere litt framoverlent – men likevel forstå kven ein faktisk skriv til. Det å kontakta ein frivillig blogg er ikkje det same som å kontakta ein betalt musikkjournalist eller ei avis, om du fattar? Tydelege, personlege førespurnader er alltid kjekt!

Hva ser du fram til av konserter og utgivelser?
Du, akkurat no så er eg i ei boble med ein miks av ei altfor heftig bacheloroppgåve og altfor digg forelskelse, så eg får ikkje med meg så mykje i skrivande stund, men eg har ein gig til helga som kjem til å banke godt i brystet. LLNN, ATTAN og Agenda kjører det opp på Folken i Stavanger 7.mars. Det kjem til å svinga godt! Ellers ser eg sjukt fram til Bismarck dropper skiva si «Oneiromancer» i april. Det blir tungt og digg. Litt urettferdig ovanfor resten av musikknorge er det jo at GBZ og Kvelertak slapp så heidundrandes feite plater så tidlig på året då, det skal seiast. Så ser eg jævlig fram til COMBOS sin fullengdar. Den sikler eg faktisk etter. «Boom Shakalaka» var jo utanomjordisk rå! Skiva til Cult Member blir jo også å slå altfor hardt. Duvel kjem med ei råfin plate, om man skal dømme etter det dei speler live om dagen. Sovereign sin fullengdar gleder eg meg vilt til (Fun fact; gitaristen i Stormbeist som starta heile det EL-greiene er no frontmann i Sovereign! Heftig). Har også eit håp om at DIIV kjem til Norge snart. Den nyeplata deira er det beste eg har høyrt på lang tid.

Sikkert tusen andre plater og gigs eg ser fram til også, men eg får nok fleire konserter med meg når eg flytter til hovudstaden! Må få besøkt Råkkfolk også då. Jaggu på tide!

Noen siste kloke ord?
Folk må leita litt meir, og ikkje berre ta i mot det dei får servert på gullfat. Meir merksemd til undergrunnen! Støtt opp der du kan. Kjøp merch, kjøp plater. Stikk på gigs. ALDRI la alderen din påverke kva du høyrer på. Mitt mål er å blaste GBZ på vinyl når eg sitter der med skrukkete hud, falmande tattiser og ølmage på sjukeheimen. Heldigvis har eg allsidig musikksmak då, så det blir sikkert ein god blanding av alt mogleg. Høyr på det du vil høyre på, er det eg vil fram til.

Takk for meg!